onsdag 18. mai 2011

Unngå bryllaups-fellene! - Eller korleis få ditt bryllaup super-personleg, stilfullt og stress-fritt på budsjett


Sommar er også høgtid for bryllaup og mange er i desse dagar i innspurten til Den Store Dagen. Som dei fleste veit er planlegging nøkkelen til suksess. Og stress fører gjerne til dyre løysingar - som kanskje kunne vore både meir personlege og rimelege. Her er mine seks råd til korleis ein planlegg bryllaupet slik at det blir mest mogleg personleg og rimeleg - utan å fire på stilen!


1) Ikkje les bryllaupsmagasiner!
Det er dykkar bryllaup, og då avgjersla var tatt rann sikkert idèane inn i hovudet om korleis du ville ha ting - og din make hadde garantert også sine synspunkt. Ikkje gå vekk frå desse idèane! Fokuser på kva de faktisk vil ha og ikkje korleis magasiner og nettsider påstår at ting skal vera. Rett og slett drit i listene ein finn i slike blad og på bryllaups-nettsidene - de klarar heilt sikkert å lage ei oversikt sjølv over kva som må gjerast for å få det slik de vil ha det. Eg meiner ikkje at ein ikkje skal finna inspirasjon både i blader og på nettet. Men ver forsiktig så du ikkje blir hjernevaska til å tru at ting må vera på ein spesiell måte - det er fortare gjort enn ein skulle tru. Nederst på denne sida omtaler eg ei fantastisk side om korleis eit par arrangerte drøymebryllaupet akkurat slik dei ville ha det. Meir inspirerande om korleis dere får til dykkar bryllaup på dykkar måte (og dykkar budsjett) enn bryllaupspressen. Hugs at ein heil industri lev av våre forventningar og bekymringar for denne store begivenheita. Ta heller dine eigne avgjersler.



2) Vel din Toastmaster med omhu
Dersom de vel Toastmasteren med omhu kan ein få ikkje berre ein veltalande og morosam talehaldar men også ein super organisatør og bryllaupsplanleggjar. Toastmasteren kan ta seg av all planleggjing av talar og matservering saman med kjøkkenet men også halda styr på alt av innslag seinare på kvelden, kommunikasjonen med den levande musikken (dersom dere skal ha det) og lokalet om ting som kvar scenen skal vera, når dei skal spela, når brudevalsen er, kven som held tale før og etter kvar rett, og så vidare. Med den perfekte Toastmasteren / organisatøren vel i havn kan de slappe av på dagen og la dykk bli ført gjennom dagen som om på skinner. De vil ikkje måtte tenke på klokka, kor de skal vera når eller kva som skal skje framover.



3) Gjer bryllaupet til ein dugnad - med ansvarsområder.
Alle elskar bryllaup og dei fleste stiller med glede opp. Kjenner du nokon som kan noko? Spør om hjelp eller ønsk deg hjelpen som gåve frå den personen. Kjenner du ein frisør eller nokon som er dyktige på hår og sminke? Kan mammas syklubb stille opp som kakebakerar? Kjenner du nokon som spelar i band? Nokon som er gode på blomsterdekor? Ein dansar som kan stille med eit underhaldningsinnslag på kvelden? Nokon som kan syngja eller spela ved vielsen? Ein god hobby (eller proff) fotograf? Velg personar de stolar på og gi dei eit ansvarsområde dei har fullstendig kontroll over. Slik slepp du å tenkja meir på det området. Fortel den du gir ansvaret for bordkorta kva du tenkjer deg og gi dei bordplanen - og tenk ikkje meir på den saken. Det blir heilt sikkert bra nok!




4) Fokuser og prioriter
Bryllaupsfeiring inneber eit avgrensa budsjett. Avgjer tidleg kva som er viktigast for dykk - luksus-mat, flotte lokaler eller flest mogleg gjester? Ein får sjeldan alt ein ynskjer seg på ein gong, så bli tidleg einige om kva dere prioriterer. Vil dere ha middag for den nærmaste familien og dans for alt av venner og kjente etterpå? Eller masse folk heile dagen og ein enklare middag? For å gjera det rimelegast mogleg kan ein til og med leige eit lokale (eller ha det hjå nokon som har ein stor låve, hage, campingplass, kafè eller liknande du kjenner) og gjere det til eit spleiselag. Få Toastmasteren eller 'Mat-ansvarleg' til å halde kontroll på kva den enkelte kjem til å ta med, slik at ein ikkje ender med berre salat eller berre kake. Gjer mest mogleg sjølv - eller det vil seia - sørg for at folk dere kjenner gjer mest mogleg. Alle tjenester og ting dere kjøper et av det verdifulle budsjettet. Vurder alltid om dette er verdt pengane eller om ein kan få til noko liknande for ein billegare penge sjølv eller med litt hjelp.



5) Kjolen - kjøpe, leige eller sy?
Kjolen er for mange jenter ein av dei viktigaste sidene av dagen. Det er tross alt ikkje så mange gonger i løpet av livet ein får vera prinsesse eller dronning for ein dag! Vil du ha ein tradisjonell brudekjole er mitt råd å leige den framfor å kjøpe den. Då slepp du å passe fullt så nøye på den som om du skulle selja den etterpå. Min kjole var svart av skit sikkert 40 cm oppover skjørtet når dagen var omme, og eg var sjeleglad for at det ikkje var mitt problem. Dersom du absolutt vil kjøpe - sjekk marknadsplassar på nettet for både brukte og ubrukte (!) kjolar - både i innland og utland. Dersom storleiken er ganske rett kan du sikkert få ein skreddar eller eit familiemedlem som er gode til slikt til å gjera dei siste tilpasningane. Ein måte å spare litt pengar på er å kjøpe minst mogleg i brudesalongen. Undertøy (korsett anbefalast for at kjolen skal sitja pent!) og kanskje underskjørt er kanskje enklast å kjøpa i salongen men smykker, sko og anna finn du sikker ein annan stad. Kanskje du kjenner nokon som til dømes har øyredobbar, slør, underskjørt eller liknande du kan låne? Og hugs at skoa MÅ vera komfortable. Det er faktisk in for tiden å stille med personlege sko (som Carrie i Sex og Singelliv-film nummer ein), så kvite silkesko er ein saga blott. Kjøp gode sko du elskar, som du kan bruka seinare.

Eit alternativ kan vera å få kjolen sydd - dersom du ynskjer deg ein spesiell stil kan du leite opp eit mønster på nettet, kjøpe stoff i ein stoff-forretning (eksotiske tekstil-forretningar i byane har ofte eit fantastisk utval) og få ei sydame, ein skreddar eller svært dyktig familiemedlem eller bekjent til å sy kjolen etter mønsteret. Hugs sjølvsagt den siste tilpassingen slik at den sit perfekt. Glamourbibliotekaren
 gjorde dette med stor suksess - les hennar råd og tips her.

Er det ikkje viktig med ein tradisjonell brudekjole? Supert! Då står du mykje friare. Dersom du fortsatt vil ha kvit kjole kan du farge kjolen etter bryllaupet og bruke den vidare.



6) Slapp av og len dykk tilbake.
Når de så har folk de stolar på som tek seg av alle områder av dagen og tilstelningen - slapp av og nyt dagen. Det blir uansett heilt fantastisk og dersom de ikkje anar kva som skjer veit de heller ikkje om slike småting som skjærer seg undervegs. De kjem nok ikkje til å merke noko til det uansett, og alt ordnar seg. Alt treng ikkje vera perfekt! Alle kjem til å vera så glade og positivt innstilte denne dagen at det ikkje gjer noko om alt ikkje går på skinner. Og skulle det mot formodning bli sure miner nokon stad (du har sikkert ein mistanke om kven i ditt selskap som kan tenkjast å bli litt sid i geipen på slik ein dag) - gi blaffen. Lat dei ansvarlege for kvart felt ta seg av ting som oppstår og seil gjennom dagen på ein positiv og glad bølge. Det er dykkar dag - ikkje sure grandtante Olga sin!



Her er ein fantastisk sak om korleis ein kan få bryllaupet mest mogleg personleg (og rimeleg) frå ein av mine favoritt-bloggar Young House Love. Dei gjorde det aller meste sjølv - men ein kan alltids få fleire til å bidra dersom ein ikkje kjenner seg heilt i stand til ein så fantastisk sjølv-innsats. Og alt er imponerande stilig og vel-gjennomført! Legg merke til kor enkelt, elegant og rimeleg ting kan gjerast. Eg elskar bord-dekorasjonane, brudebuketten og invitasjonen. Så elegant! Så enkelt! Så rimeleg! Les heile den fantastiske historien her.

Skal du gifte deg? Har du gifta deg? Kva er dine tankar og erfaringar rundt dugnadsinnsats, gjer-det-sjølv og prioriteringar? Har du vore bryllaupsgjest? Kva likte du mest og minst med bryllaupet du var i?

(Bileta i dette innlegget er lånte - klikk på biletet for å komme til sida kvart bilete er lånt frå.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar