lørdag 14. mai 2011

Minst mogleg tid og / eller pengar?


Så - du skal ha fest, barnebursdag, middagsselskap eller grilling i hagen. Kanskje har du litt lite tid eller ikkje ynskjer å bruke så mykje pengar. For sjølv om noko av det koselegaste som finst er sosialt samvær med menneske som betyr mykje for deg - så er det oftast avgrensa kor mykje ein kan leggja på kvar enkelt anledning. Mitt råd nummer ein er derfor - legg pengane på maten! Dekorasjonar og stemning kan ein få til med enkle midlar. Og ofte er det slik at jo mindre pengar ein bruker - jo meir tid må ein bruka. Men ikkje alltid! Her vil eg dele korleis ein kan få mest mogleg pang for pengane (og tiden) ein har til rådigheit.

Men kva om det er litt trangt - sånn kronasje-messig sett? Må ein då sitje heime åleine? Sjølvsagt ikkje! Eg vil også leggje ut forslag til korleis ein kan invitere folk heim til seg - nestan uten å bruke pengar på det. Det viktigaste sparetipset tykkjer eg er at sjølv om salg jo er billeg, så er det billigare å bruke ting ein allereie har. Gratis, faktisk!

Styrer eg dermed unna alt dyrt og lukseriøst? Nei! Sjølv om ein ikkje ender med å kjøpe alle desse flotte tinga som finst der ute, så kan ein så absolutt bli inspirert til å få til sin eigen versjon. Eller til å gjenskape stemninga.

Sist men ikkje minst vil eg også komme med tips og råd om skjønnheit og antrekk. Igjen - helst med å bruke ting du allereie har men også med tips om gode produkt og idèar som finst der ute. Og det kjem ein kategori som heiter "Krise - Kva gjer eg?!?" som tek for seg ulike små eller store kriser ein kan oppleva i opptakten eller innspurten - både innan skjønnheit, klede, dekorasjon, tidsklemme og mat.

Håpar du blir inspirert og får idèar. Og kom gjerne med spørsmål, forslag og ting du gjerne vil ha svar på og innlegg om.

Ha ein fortsatt fotreffeleg dag!

- Hanneliane :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar