lørdag 28. mai 2011

Krise - Kva gjer eg?!?: Hudpleie etter flyreiser

Mange opplever som meg at etter spesielt lengre flyreiser er huden heilt forferdeleg.

På flyet er iallfall eg så oljete at det er skummelt. Sånne kjipe tørkepapir til hender på fly-toalettet er forresten ganske ok til å fjerne overflateolje i ansiktet med dersom ein trykker det mot panna, nasen og andre oljete områder. Når eg då har landa er huden min fullstendig kaotisk i mange dagar med tørre flekker og kviser og alt som er fælt. Redningen fann eg etter å ha lest HildeChristina sin blogg som har masse gode hudpleie- og sminketips her. Ho anbefalte Decléor Hydra Floral Anti-Pollution Moisturising Mask som nattkrem, fuktmaske og SOS-produkt. Og ho hadde heilt rett.

Etter siste lange flyreise brukte eg Decléor Hydra Floral Anti-Pollution Moisturising Mask både som nattkrem og dagkrem i 2-3 dagar. På kvelden smurte eg på eit tjukt lag som eg lot trekke inn over natta, og på dagen brukte eg eit tynnare lag. Litt blank blir ein jo av denne, så til vanleg ville eg ikkje brukt den som dagkrem slik sett. Men når alternativet er krise-hud så er det jo verdt å fikse på sminken litt oftare utover dagen. Og etter omtrent to dagar var huden i lage igjen. Dette funkar også dersom huden av andre grunnar oppfører seg heilt vilt og du har tørre flekker og partier. Ofte synes slike tørre flekker enda betre gjennom sminken, og det er jo det siste ein vil. Men her er ein metode som fiksar det på nokre dagar, og som eg anbefaler på det varmaste. Decléor Hydra Floral Anti-Pollution Moisturising Mask kan også brukast som vanleg nattkrem, noko eg har gjort i det siste fordi eg gjekk tom for den vanlege nattkremen min. Funkar heilt supert!

Decléor Hydra Floral Anti-Pollution Moisturising Mask kan du få kjøpt mellom anna hjå feelunique.com for ca kr 280,-. Dei tilbakebetaler MVA og tollgebyr dersom du scannar kvitteringen og sender den til dei. I tillegg har dei fri frakt, så du ender med å betale det som står som prisen. I Norsk butikk kostar den nok ein god del meir.

Har du nokre produkt du tyr til når det er fullstendig krise? Del gjerne tips og erfaringar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar