søndag 29. mai 2011

Favorittoppskrift: Skulebollar

På dugnaden i helga trengte eg ein oppmuntring til alle dei hardtarbeidande dugnadsarbeiderane som stilte opp på fantastisk vis. Eg bladde litt rundt i oppskriftsboka eg har hatt sidan eg var rundt 8 år og fann oppskrift på skulebollar frå skulekjøkenet i femte klasse (etter skrifta å døme). Eg sjekka i skap og kjøleskåp og satte i gang så snart eg hadde konstatert at me hadde alt som trengtes i hus. Og dei vart like gode som eg hugsar og ein skikkeleg suksess hjå dugnadsfolket! Nysteikte skulebollar med melis gjekk ned på høgkant saman med kokkaffi i sola utpå ettermiddagen.

Skulebollar (16 stk)

1 liter kveitemjøl
1 ts kardemomme
4 ss sukker
100g smør
3,5 dl mjølk
1 pakke gjær
1 egg

Bland alt det turrre, og smuldre smøret i det turre. Lunk mjølka (37 grader for fersk gjær og 40-45 grader for tørrgjær). Rør gjæren ut i mjølka - dersom du brukar tørrgjær kan du godt la blandingen stå og godgjera seg i 10 minutt. Rør egget ut i væska, og ha det blaute i det turre. Elt godt. Dekk med plast og lat deigen heva i 30 minutt. Medan deigen hevar lagar du eggekremen:

2 egg
5 dl mjølk
3 ss potetmjøl
6 ss sukker
----------------
2 ss smør
8 ts vaniljesukker

Alt ned til streken blandast kaldt i ein kjele. Kok opp under omrøring og pass godt på så det ikkje svir seg eller kokar over. Ta kremen av varmen når det boblar og rør inn smør og vaniljesukker. Lag kremen stå og avkjøla seg.

Når deigen er ferdig heva eltar du den lett på ei lett mjøla flate - juster eventuelt med litt mjøl dersom den verkar alt for klissete. Del så opp deigen i 16 like delar som du triller til bollar og legg på bakepapir på steikebrett med litt god avstand mellom. Eg brukar gjerne 2 brett med 8 på kvar. Dekk med plast og lat bollane heva ca 15 minutt. Skru på steikeomnen på 225 grader. Når omnen er varm og bollane ferdig heva lagar du så ei god grop midt i kvar bolle som du fyller med eggekrem - 1-2 ss krem til kvar bolle er passe, an på konsistensen til kremen. Steik så bollane midt i omnen i 10 - 12 minutt til dei er gyldne.

Rør melis ut i vatn, og legg ei god teskei på kvar bolle når dei har avkjølt seg i fem minutt, strø så litt kokos på toppen.

Skulebollar er alltid ein stor hit både hjå store og små, og er betre jo rett frå omnen dei er!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar